Ordlister

Lovverk

arkivforskrifta

forskrift 17.12.2025 nr. 2647 om dokumentasjon og arkiv (FOR-2025-12-17-2647)

arkivlova

lov 20.06.2025 nr. 96 om dokumentasjon og arkiv (LOV-2025-06-20-96)

bevaringsforskrifta

forskrift 19.12.2025 nr. 2729 om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (FOR-2025-12-19-2729)

forvaltningsloven

lov 10.02.1978 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (LOV-1967-02-10)

offentleglova

lov 19.05.2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (LOV-2006-05-19-16)

personopplysningsloven

lov 15.06.2018 nr. 38 om behandling av personopplysninger (LOV-2018-06-15-38)

personvernforordningen

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2016/679 av 27. april 2016 om vern av fysiske personer i forbindelse med behandling av personopplysninger og om fri utveksling av slike opplysninger samt om oppheving av direktiv 95/46/EF

Arkivfaglege omgrep

arkiv

dokumentasjon som skal takast vare på i eit avgrensa tidsrom eller for ettertida (arkivlova § 2 bokstav a)

arkivplikta

Organa skal forvalte dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda, som arkiv. Dokumentasjonen skal sikrast slik at informasjonen ikkje går tapt, og forvaltast slik at

  1. opphavet til informasjonen alltid er kjent

  2. det går fram i kva samanheng informasjonen er skapt, og kva samanheng han inngår i

  3. informasjonen ikkje blir endra

  4. informasjonen er tilgjengeleg på ein måte som ikkje avgrensar framtidig nytte.

(arkivlova § 5)

Når eit organ skal avgjere kva dokumentasjon det skal forvalte som arkiv etter arkivlova § 5, skal det særleg ta omsyn til om dokumentasjonen

  1. er relevant for å stadfeste korleis organet har handsama saker, løyst oppgåvene sine og handtert andre vesentlege tilhøve ved verksemda

  2. kan tene som prov på privatpersonar eller andre private rettssubjekt sine rettar og plikter

  3. allereie blir sikra og forvalta som arkiv i eit anna informasjonssystem i organet eller av eit anna organ i eit system for felles oppgåveløysing som avtalt etter § 8 i denne forskrifta.

(arkivforskrifta § 1)

arkivverdig
arkivpliktig

Sjå arkivplikta.

bevare
bevaring

ta vare på dokumentasjon for ettertida

Nasjonalarkivet gir forskrift om kva dokumentasjon organa skal ta vare på for ettertida (arkivforskrifta § 2).

Bevaringsforskrifta inneheld desse føresegna.

Statlege organ skal utarbeide framlegg om kva som skal takast vare på for ettertida av dokumentasjon som gjeld deira faglege ansvarsområde (og som ikkje er omfatta av andre føresegn i bevaringsforskrifta). På grunnlag av framlegget avgjer Nasjonalarkivet kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta § 18).

bevaringsbestemmelse
bevaringsføresegn

føresegn om kva dokumentasjon som skal bevarast eller kasserast

bevaringsplan
beverings- og kassasjonsplan
BK-plan
B/K-plan

kartlegging av prosesser i en virksomhet med forslag til bevaringsbestemmelser

bevaringsverdig
bevaringspliktig

dokumentasjon som skal bevarast

BK
B/K

forkorting for «bevaring og kassasjon»

dokument

ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lytting, framsyning, overføring eller liknande (offentleglova § 4 første ledd)

Format eller medium speler ingen rolle: Brev, notat, skjema ein fyller ut, e-postar, chatmeldingar, tekstmeldingar, bilde, lydopptak, lysbilde er dokument. Møte og telefonsamtalar er ikkje dokument. Men opplysingar frå møtet som er «lagra på eit medium …» – som eit referat, notat eller opptak – er det.

I WebSak har ordet ei anna tyding, sjå dokument (WebSak).

dokumentasjon

dokument som nemnt i offentleglova § 4 første ledd og annan informasjon som organet sjølv har lagra i informasjonssystema sine, og som gjeld sakshandsaminga, oppgåveløysinga eller andre vesentlege tilhøve ved verksemda (arkivlova § 2 bokstav e)

dokumentasjonsplan

Eit organ skal ha ein oppdatert dokumentasjonsplan som viser korleis organet har organisert arbeidet med å etterleve pliktene etter arkivlova.

Planen skal

  1. vere utforma slik at han kan tene som ein reiskap i internkontrollen

  2. gi oversyn over kva slags dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda

  3. gi oversyn over kva dokumentasjon organet forvaltar som arkiv

  4. gjere greie for korleis dokumentasjon etter bokstav b og c blir lagra.

(arkivlova § 8 første ledd, sjå nærare arkivforskrifta § 12)

forskingsdokumentasjon

dokumentasjon som blir samla inn eller produsert som ledd i forskingsverksemda ved universitetet

Forskingsdokumentasjon kjem inn under definisjonen av arkiv, men det har likevel vore ei vanleg oppfatning at forskarana sjølv har eigedomsretten til dokumentasjonen som blir til som ledd i den einskilde si forsking, og denne oppfatninga har i praksis vore godteken av arkivstyresmakta.[1]

førehandsklassifisering

å fastsetje at det heilt eller delvis skal eller kan og bør gjerast unntak frå innsyn i dokument, utan at nokon har bede om innsyn

Dette skal som den klare hovudregel ikkje førekome,[2]

gradert

informasjon som er sikkerhetsgradert etter sikkerhetsloven eller beskyttelsesgradert etter beskyttelsesinstruksen

informasjonssystem

eit system for å organisere og handtere informasjon (arkivlova § 2 bokstav f)

internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga

Den øvste leiinga i organ har ansvar for at det blir ført internkontroll med at dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda, blir forvalta etter arkivlova med forskrifter.

Organet skal løpande vurdere om det er risiko for brot på reglane og setje i verk dei tiltaka som trengst for å redusere risikoen til eit forsvarleg nivå.

Organet skal særleg vurdere risiko ved vedlikehald av digitale arkiv, jf. § 7 og risiko ved destruksjon av analoge arkiv etter konvertering, jf. § 18.

Dokumentasjonsplanen skal leggjast fram for den øvste leiinga i organet som ein del av internkontrollen minst éin gong i året.

(arkivforskrifta § 13 andre ledd)

journal

register over dokumentasjon som blir handsama i eit organ (sjå nærare arkivforskrifta §§ 14 og 15).

kassasjonsforbod

Eit organ kan berre kassere dokumentasjon som

  1. ikkje skal takast vare på i medhald av forskrift gitt av Nasjonalarkivet med heimel i § 12 andre ledd, eller

  2. det er gitt løyve frå Nasjonalarkivet til å kassere.

(arkivlova § 13)

Organet kan først kassere dokumentasjonen etter oppbevaringstida.

kassere
kassasjon

å gjere til inkjes dokumentasjon slik at han ikkje lenger finst (arkivlova § 2 bokstav g)

offentleg journal

journal der teiepliktige opplysningar er skjerma

oppbevaringstid for dokumentasjon

kor lenge det er naudsynt å oppbevare dokumentasjon som det ikkje er krav om at skal takast vare på for ettertida, før han kan kasserast

Oppbevaringstider blir fastset av organet, jf. arkivforskrifta § 3.

organ

verksemder som [arkiv]lova gjeld for, utanom rettssubjekt som berre er omfatta av kapittel 3 (arkivlova § 2 bokstav h)

UiB er et organ.

personopplysning

enhver opplysning om en identifisert eller identifiserbar fysisk person («den registrerte»); en identifiserbar fysisk person er en person som direkte eller indirekte kan identifiseres, særlig ved hjelp av en identifikator, f.eks. et navn, et identifikasjonsnummer, lokaliseringsopplysninger, en nettidentifikator eller ett eller flere elementer som er spesifikke for nevnte fysiske persons fysiske, fysiologiske, genetiske, psykiske, økonomiske, kulturelle eller sosiale identitet (personvernforordningen artikkel 4 nr. 1)

privatarkiv

arkiv som er skapt av andre enn eit organ (arkivlova § 2 bokstav i)

sakarkivsystem
saksbehandlings- og arkivsystem

TODO

saksdokument for organet

dokument som er komne inn til eller lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta, og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet (offentleglova § 4 andre ledd, med nokre unntak i tredje ledd)

særlige kategorier av personopplysninger
sensitive opplysninger

følgende personopplysninger:

  • opplysninger om rasemessig eller etnisk opprinnelse

  • opplysninger om politisk oppfatning

  • opplysninger om religion

  • opplysninger om filosofisk overbevisning

  • opplysninger om fagforeningsmedlemskap

  • genetiske opplysninger

  • biometriske opplysninger med det formål å entydig identifisere noen

  • helseopplysninger

  • opplysninger om seksuelle forhold

  • opplysninger om seksuell legning

(personvernforordningen artikkel 9 nr. 1)

teieplikt
taushetsplikt

Enhver som utfører tjeneste eller arbeid for et forvaltningsorgan, plikter å hindre at andre får adgang eller kjennskap til det han i forbindelse med tjenesten eller arbeidet får vite om:

  1. noens personlige forhold, eller

  2. tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår.

(forvaltningsloven § 13 første ledd)

ndre lover inneheld eigne føresegn om teieplikt. G-2009-419 `Rettleiar il offentleglova https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/rettleiar-til-offentleglova/id537812/>`__ ide 75 ff.) gjev ei god innføring i føresegna om teieplikt.

Begrep i Noark (Norsk arkivstandard)

dokumentnummer

løpenummer for registreringene i en mappe

journalpost

en registrering i journalen

løpenummer

unik referanse til en registering, forkortelse «lnr.»

I Elements har løpenummer formatet [nr]/ÅÅÅÅ.

I Websak er løpenummer identisk med saks- og journalpostreferanse (det vil altså endre seg dersom registreringen flyttes til en annen mappe).

mappe

en samling av én eller flere registreringer med tilhørende arkivdokumenter som er knyttet sammen under en felles identitet

Se «sak» i Websak

registrering

dokumentasjon av en transaksjon, også metadata til registreringen

saks- og journalpostreferanse

I både Elements og Websak er formatet [saksnummer]-[dokumentnummer]

saksnummer

unik referanse til en mappe eller sak

I Elements og i WebSak er formatet ÅÅÅÅ/[nr]

transaksjon

de enkelte trinnene i en aktivitet

Det er transaksjoner som skaper arkivdokumenter.

Sjå òg